mandag 22. mars 2010

Innlevering arbeidskrav 2

Pga årsaker som er forklarte på mail, vart denne innleveringa ein del forseinka. Eg kom seint i gang med bloggskrivinga,men har etter kvart forstått mesteparten av funksjonane.
Eg har laga 3 faglege blogginnlegg. Temaet er svært omfattande, derfor er det berre ein liten del som vert presentert her.

Adressa er: http://olasolheim.blogspot.com/

Har også kommentert bloggane til Nina Hjelmeland, Roger Jan Støyva, Anne Lise Rygg og Geir Johme:

http://sosialblogg.blogspot.com/

http://rjsblogg-rjs.blogspot.com/

http://annelisesinblogg-anne-lise.blogspot.com/
/
http://geirj.blogspot.com/


I tillegg har eg ei nettvibesadresse: http://www.netvibes.com/olasolheim

På den offentlige delen har eg lagt inn nokre aviser, værmeldingar og bloggar eg følger med på (dei andre på gruppa).

Sosiale media i skuleverket.

Når det gjeld bruk av sosiale medier i skulen er vi nok berre i startfasen. Det er klart at her ligg eit stort unytta potensiale. Ein ser alt i dag at det finst forskjellege fagnettverk der dei innvolverte innan sine profesjonar deler kunnskap, erfaringar og har falege diskusjonar. Ikkje minst i den vidaregåande skulen vil dette opne for nye måtar å tileigne seg kunnskap på. Dette vil kunne auke interesse og deltaking blant elevane. Ein sped start på denne utviklinga er f.eks. gruppearbeid vha.Fronter, eller opne fronterdokument. Men på dette feltet vil det nok skje ei rivande utvikling dei nærmaste åra.

Digital dømmekraft

Dei sosiale nettsamfunna er komne for å bli i ein eller annan form. Derfor må skulen ta tak i dette og lære dei unge nettvett. Dette kan gå på reglar for å unngå mobbing og trakassering, og ikkje minst for å hindre at barn/unge eksponerer seg sjølv i altfor stor grad på nettet. Det har hendt altfor mange gonger at overgriparar har kome i kontakt med mindreårige via chatting. I dagens samfunn burde det vere like sjølvsagt som å lære å oppføre seg i trafikken, at unge lærer å ta vare på seg sjølv også på internett.

torsdag 18. februar 2010

Digital dømmekraft

Dette som Kristin Halvorsen tek opp her er svært viktig. Den nye kvardagen innan nettsamfunn set større krav til den enkelte sin måte å agere på når det gjeld internett.